Å utvikle en alkoholstrategi for Zambia

Zambia har dei siste åra hatt ei interessant utvikling av landets alkoholpolitikk, og i juni 2011 fekk eg moglegheita til å sjå nærare på dette gjennom feltarbeid i Lusaka.

Av Nils Johan Garnes

Nils johan 1Som del av master i utviklingsstudier ved School of Oriental and African Studies (SOAS), University of London, skreiv eg om Zambia og moglegheit for lokal implementering av WHO sin globale alkoholstrategi Global Strategy to Reduce the Harmful Use of Alcohol. Med støtte frå FORUT fikk eg vitje Zambia i juni 2011, og møtte der både representantar frå frivillige organisasjonar, nasjonale myndigheter og akademikarar frå Zambia.

Nasjonalt initiativ for alkoholstrategi

JohnmayeyaspeakingZambia starta prosessen med å utvikle ein alkoholstrategi før WHO sin globale strategi vart vedtatt. John Mayeya, ansvarleg for alkoholstrategien i helsedepartementet i Zambia, legg vekt på forbruk blant barn og unge som ein faktor for forståing for behovet for ein alkoholstrategi. Særskilt introdusering av små plastbeholdere (50 ml) med alkoholholdig drikke så sterk som 40 % alkohol-volum blei eksempelet på problematisk alkoholforbruk i Zambia. Desse er populære og lett tilgjengelige blant ungdom. Med eit nasjonalt initiativ på plass hadde ein eit nasjonalt fokus som kunne bli møtt med eit internasjonalt initiativ i form av WHO sin globale strategi, som potensielt kunne styrke det nasjonale initiativet.

Involvering av sivilt samfunn

Eit interessant element i utarbeidinga av alkoholstrategien i Zambia var at det eksisterte ei gruppe av interessentar – som bestod av næringsliv, akademia, organisasjonar og myndigheiter. Denne gruppa vart sett på som ein støttespelar i utviklinga av strategien og kunne gi innspel til denne. Rammeverket denne gruppa utgjorde kunne potensielt bli sett på som ei inkludering av sivilt samfunn inn i prosessen med å utvikle alkoholstrategien i Zambia. Det var derfor interessant å oppdage gjennom intervju at dei fleste av dei frivillige organisasjonane eg møtte ikkje hadde høyrd om arbeidet med alkoholstrategien, og ei heller om gruppa av interessentar. Det kunne derfor verke som gruppa var mangelfull og ikkje fullt ut representerte eit sivilt samfunn og var meir ei tilfeldig samansett referansegruppe.

Profittsøking versus folkehelse

Eit nasjonalt fokus på alkoholpolitikk er ikkje automatisk ein god alkoholpolitikk sett frå eit folkehelseperspektiv. I løpet av 1990-talet vart det eit tydeleg skifte i den økonomiske politikken i Zambia, der privatisering og liberalisering av økonomien var dominerande. Dette gjaldt også alkoholsektoren, der det nasjonale bryggjeriet, Zambian Breweries, vart privatisert. Det multinasjonale selskapet SABMiller kjøpte bryggjeriet. SABMiller vart etter kvart ein av pådrivarane for utvikling av ein nasjonal alkoholpolitikk i Zambia. Dette initiativet var eit marknadsinitiativ, som fokuserte på marknadstilgang for industrien og ein politikk som ikkje fremma ei restriktiv tilnærming til alkoholpolitikk. Dette vart tildelt eit næringsperspektiv, også i regjeringsstrukturen. Initiativet vart stoppa blant anna av akademisk miljø, og helsedepartementet tok over prosessen med å utvikle alkoholstrategien nasjonalt.

Zambia er eit døme på utfordringar ein kan møte på lokalt nivå ved implementering av WHO sin globale alkoholstrategi. To særskilte utfordringar kom tydeleg fram i Zambia: fyrst korleis ein god alkoholpolitikk sett frå eit folkehelseperspektiv er i konflikt med ei marknadstilnærming, og deretter utfordringa med å sikre at ein politisk prosess har rotfeste i samfunnet. Eg meiner frivillige organisasjonar kan spele ei viktig rolle i begge utfordringane, ved å delta i politiske prosessar og slik løfte eit folkehelseperspektiv inn i politiske prosessar. Eg trur ikkje Zambia er eit særskilt negativt tilfelle, sjølv om ein kan kritisere prosessar og peike på utfordringar. Det Zambia har klart, er å sette fokus på alkohol som eit samfunnsproblem og ta WHO sin strategi ned til eit lokalt nivå.

SABMiller

–       Eit av verdas største bryggerikonsern.

–       Etablert då amerikanske Miller Beer vart slått saman med South African Breweries

–       Miller Beer var tidlegare eigd av tobakksprodusenten Phillip Morris. Dei to selskapa er framleis tett knytte saman gjennom ein felles eigar; Altria Group.

–       Forutan Sør Afrika og USA, satsar selskapet sterkt på vekst i Afrika og Asia, blant anna i India.

–       Selskapet har vorte skylda av den engelske bistandsorganisasjonen ActionAid for å drive skatteplanlegging slik at svært lite skatt blir betalt til fattige land i sør.

–       SABMiller har også vore aktiv med å påverke til industrivenleg alkoholpolitikk i ein del afrikanske land.